Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ein norsk 26-åring som er sikta for å ha verva seg til ekstremistgruppa IS er etterlyst over heile verda gjennom Interpol.
npk@npk.no
Publisert: 12.07.2016 kl 18:55
Det er Kim Andre Ryding (26) frå Moss som no er etterlyst gjennom Interpol, ifølgje VG.
– Me har sendt ei oppmoding til Oslo tingrett om at han blir etterlyst internasjonalt, vert arrestert og utlevert til Noreg, stadfestar seniorrådgjevar Martin Bernsen i Politiets tryggingsteneste (PST).
På Interpols nettsider går det fram at 26-åringen skal ha vore medlem i ekstremistorganisasjonen IS frå juni 2013 til juni 2016. Ifølgje Kripos veit dei ikkje kor østfoldingen er no.
Sju menneske er etterlyst av Noreg via Interpol, mellom anna ein annan nordmann som er sikta for å støtta ein terrororganisasjon.
Før 26-åringen reiste til utlandet var han bunden til islamistgruppa Profetens Ummah i Oslo. (©NPK)