Annonse

Nordmann går av som sjef for oljeservicegiganten Schlumberger

Paal Kibsgaard går av som toppsjef i oljeservicegiganten Schlumberger etter åtte år. Han har tidlegare vorte rekna som den best betalte nordmannen i verda.

Kibsgaard går av som toppsjef og styremedlem frå 1. august, melder Schlumberger i ei pressemelding.

Selskapet er det største innan oljeservice i verda, og har over 100.000 tilsette i over 85 land.

Han blir erstatta av Olivier Le Peuch, som byrja i selskapet i 1987 som elektroingeniør, og sidan februar i år har vore visedirektør i selskapet.

Ifølgje E24 fekk Kibsgaard i 2016 156 millionar kroner i lønn, noko som ifølgje nettstaden gjorde han til den best betalte nordmannen i verda.

Kibsgaard har tidlegare sagt til Dagens Næringsliv at han i fjor sommar bad styret om å sjå etter ein etterfølgjar for han.

(©NPK)

Paal Kibsgaard går av som sjef for det største oljeserviceselskapet i verda. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix