Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein norsk mann omkom i ein frontkollisjon på E45 nord for Karlstad i Sverige fredag ettermiddag, fortel VG.
npk@npk.no
Publisert: 10.06.2016 kl 18:31
Kollisjonen skjedde like før klokka 15.
– Ein personbil kom over i feil køyrefelt og kolliderte med ein lastebil på E45. Føraren av personbilen døydde på staden, seier vakthavande befal Morgan Connedal i Värmland-politiet til VG.
Ifølgje politiet var nordmannen åleine i bilen då ulykka skjedde. Lastebilsjåføren kom fysisk uskadd frå kollisjonen.
Det var 90-sone og ikkje midtrabatt på ulykkesstaden. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.