Annonse

Nordmenn bekymrar seg mest for barna på internett

Seks av ti nordmenn bekymrar seg for nokon i familien i samband med nettsikkerheit, viser ei undersøking Microsoft Noreg har bestilt.

Undersøkinga viser at dei fleste er mest bekymra for barna sine, følgd av uro for eiga sikkerheit.

Blant dei eldre er frykta for økonomisk svindel den vanlegaste bekymringa. Barnefamiliar er mest urolege for uønskt kontakt frå framande via nettet.

– Om ein ser på mediedekninga rundt nettfarar, kjenner ein nok igjen desse to bekymringane. Vi les stadig vekk om svindelforsøk og uønskt kontakt via nettet, og det er viktig at desse temaa blir haldne «varme» då den beste måten å unngå at fleire blir ramma er gjennom kunnskap, fortel nasjonal tryggingsdirektør Ole Tom Seierstad i Microsoft Noreg.

Undersøkinga viser òg at berre 5 prosent er redd for å eksponere private bilde og videoar av eigne familiemedlemmer og barn, sjølv om fokus på nettvit er høgt oppe på prioriteringslista blant foreldre.

(©NPK)