Annonse

Nordmenn bitne av hund, rotte og ape på utenlandsferie i sommar

Dei siste vekene har 25 nordmenn vorte bitne av hund, katt, rotte og ape på ferie i utlandet, viser ei oversikt frå Europeiske Reiseforsikring.

Annonse

- Du bør vere forsiktig i omgang med dyr utanlands, mellom anna fordi dei kan bere på smitte. Og hugs at dyr er dyr. Dei kan endre åtferd brått, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

Nordmenn har den siste månaden vorte bitne av hund i mellom anna Spania, Russland, Frankrike, Thailand, Bosnia-Hercegovina og på Sri Lanka. Ein person fekk kattebit på Cuba, medan ein annan vart biten av ape i Thailand.

Ei norsk kvinne opplevde å bli biten av ei rotte då ho åt på ein restaurant i Hellas.

- Ved dyrebit og klor er det viktig å få reinsa såra raskt og komme til lege for undersøking og behandling, seier medisinsk rådgivar og sjukepleiar Line Sørbø i Europeiske Reiseforsikring, som er ein del av If.

- I land med rabies vil det vere viktig å få rabiesvaksine. Ved dyrebit er stivkrampesprøyte òg aktuelt, seier ho.

Tidlegare i år døydde ei norsk kvinne av rabies etter å ha vorte biten av ein kvalp på Filippinane. Den dødelege virussjukdommen blir overført via kroppsvæske, normalt som følgje av bit.

(©NPK)