Nordmenn meir bekymra for renteoppgang enn naboane

Heile 39 prosent av nordmenn seier dei er bekymra for at renta skal bli høgare, viser ei ny undersøking. Talet er det desidert høgste i Norden.

Til samanlikning svarar berre 27 prosent av finnar og svenskar at dei er bekymra for høgare lånerente, viser ei undersøking YouGov har gjort for Danske Bank.

I Noreg seier heile 15 prosent attpåtil at dei er svært bekymra for renteoppgang, mot berre 9 prosent i Sverige og Finland.

Heilt i motsett ende finn vi Danmark, der berre 21 prosent seier dei er bekymra for at lånerenta skal gå opp, og berre 5 prosent seier dei er svært bekymra.

På gjeldstoppen

Forbrukarøkonom Anne Motzfeldt i Danske Bank ser dei norske bekymringane i samanheng med at nordmenn har høg gjeld.

Ifølgje dei seinaste tilgjengelege tala frå OECD ligg hushaldsgjelda til nordmenn i snitt på 266 prosent av disponibel nettoinntekt. Det er heilt i toppen blant OECD-landa, bak Danmark og Nederland.

- Berre forbruksgjelda blant nordmenn er no over 100 milliardar, ifølgje tal frå Finanstilsynet. Ein auke i lånerenta vil difor bety auke i månadlege utgifter, og dersom ein har mykje gjeld vil ein vera ekstra sårbar fordi små rentejusteringar på store lån kan bety stor auke i månadlege låneutgifter, peikar ho på.

- Ein annan grunn til at vi er meir opptekne av renteoppgang i Noreg enn elles i Norden, kan vere at vi har lågare del av fastrentelån enn nabolanda våre. Fastrente gjev meir føreseieleg økonomi, seier Motzfeldt.

I eit intervju med NTB streka direktør i Finanstilsynet Morten Balterzen også nyleg under at norske hushald er sårbare for renteauke, fordi nesten heile hushaldsgjelda har flytande rente.

Merkast på økonomien

Motzfeldt set opp eit reknestykke som forklarer kor stor effekt ein renteoppgang kan ha for økonomien til nordmenn.

- Eit lån på 3 millionar med rente på 2 prosent har ein årleg rentekostnad før skatt på 60.000 kroner. Per månad blir dette 5.000 kroner. Skulle bustadlånsrenta dobla seg til 4 prosent, kostar det same lånet 120.000 kroner per år i renter, det vil seia. 10.000 kroner per månad. Det betyr 5.000 kroner meir i lånekostnad per månad før skatt, forklarer forbrukarøkonomen.

Ho legg til at ho er uroa over at mange er for dårlege på såkalla buffersparing.

- Det vil seia at ein ikkje pengar i reserve dersom det skulle dukka opp uventa utgifter. Då er ein også dårleg rusta dersom lånekostnadene tek til å auka, fordi ein er vand til å bruka opp all løna kvar månad, seier Motzfeldt.

Ventar renteoppgang

Bekymringane kan fort bli ein realitet i nærmaste framtid.

I dag ligg styringsrenta i Noreg på rekordlåge 0,5 prosent, der ho har lege i eit par år etter fleire år med fallande rente. I år har likevel Noregs Bank signalisert at det kjem til å bli renteoppgang over sommaren.

- No er forventninga at styringsrenta skal stiga til rundt 1,5 dei kommande åra, seier Motzfeldt.




(©NPK)



Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix.



Illustrasjonsfoto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...