Klargjør siden...

Nordmenn tatt for bortføringsforsøk på Kypros

(NPK-NTB): Politiet på Kypros har arrestert tre nordmenn som er mistenkte for å ha planlagt å bortføre ei fire år gammal jente, ifølgje ei kypriotisk avis.

Det fortel TV 2 måndag. Dei tre norske statsborgarane, som vart arresterte søndag, er 29, 40 og 60 år gamle og skal ikkje vere i slekt med jenta, skriv Cyprus Weeklys nettavis.

Fireåringen bur saman med den gresk-kypriotiske mor si i Nikosia, mens faren er norsk.

– Dei vart arresterte tidleg på søndag og blir i første omgang haldne i varetekt i tre dagar. Vi har grunnlag for å mistenkje dei for å ha planlagt å kidnappe ei fire år gammal jente, seier talsmann Andreas Angelides i politiet på Kypros til NRK

Dei tre nordmennene skal etter planen framstillast for varetektsfengsling, legg han til. Dei er førebels sikta for å ha planlagt eit lovbrot, men etter det Angelides seier, kjem truleg siktinga til å bli utvida til å gjelde bortføringsforsøk.

Utanriksdepartementet (UD) seier til NTB at dei er kjent med at tre norske borgarar er arresterte på Kypros.

– Ambassaden i Aten jobbar med å finne ut meir om saka. Dei tre får tilbod om konsulær hjelp, dersom dei ønskjer det, seier kommunikasjonsrådgivar Ane Haavardsdatter Lunde i UD. (©NPK)

Annonse