Annonse

Noreg førebur seg på alle brexit-scenario

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide seier Noreg bruker mykje ressursar på å førebu lovgjeving og handelsavtalar i samband med brexit.

Annonse

Kva slags skilsmisseavtale britane får blir av stor betyding for Noreg. Førebuingane er sjølvsagt i gang, sjølv om Noreg ikkje formelt kan starte forhandlingar før britane er ute av EU.

- I førebuingane inngår òg det som kan komme om det ikkje blir nokon avtale, seier utanriksministeren.

Kva som skjer for nordmenn som bur i Storbritannia er allereie avklart. Dette var tema då Erna Solberg og den britiske statsministeren Theresa May møttest under besøket i Oslo i slutten av oktober.

- Avtalen og avtaleteksten om rettane til norske borgarar i Storbritannia og britiske borgarar i Noreg, er på plass. Det er også omtalt i brexitavtalen. Men vi må framleis vente litt før vi kan underteikne på grunn av prosessane mellom EU og britane, seier Eriksen Søreide.

Utanriksministeren understrekar at Noreg er veldig opptekne av å få på plass ei god løysing, også etter at britane er gått ut av EU. Viss brexit-avtalen som ligg på bordet blir godteken, kan ein halde fram som i dag gjennom EØS-avtalen i ein overgangsperiode som varer ut 2020.

Men framleis er det stor uvisse om det blir ein brexit-avtale innan slutten av mars.

(©NPK)

Noreg førebur seg på alle scenario. Framtida for nordmenn som bur i Storbritannia er omtalt i utkastet til brexitavtalen som den britiske regjeringen har lagt fram.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix