Noreg går inn i europeisk forsvarssamarbeid

Noreg sluttar seg til forsvarssamarbeidet European Intervention Initiative. Målet med det uforpliktande samarbeidet er å takle krisesituasjonar betre.

Frankrike tok initiativet til samarbeidet, som starta i fjor, og fredag vart Noreg og Sverige medlemsland nummer 11 og 12.

- Dette er eit samarbeid som tar mål om å samle og dele informasjon for å vere betre førebudd ved eventuelle kriser. Det er viktig for oss å vere med på slike initiativ når det gjeld krisetenkning og handtering av kriser, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) til NTB på veg frå møtet i nederlandske Hilversum der Noreg vart tatt opp som medlem.

Erstattar ikkje NATO

Initiativet, som går under forkortinga EI2, er eit uforpliktande samarbeid, og avgjerder om å delta i operasjonar skal framleis avgjerast av kvart enkelt medlemsland. Det er heller ikkje noka erstatning for NATO, som framleis skal vere hjørnesteinen i Europas kollektive forsvar, seier statsråden.

- Dette handlar meir om lågare og middels krisenivå og kan vere med å skape ei betre forståing på eit tidlegare tidspunkt. I Norden har vi allereie ei omforent forståing av at ei krise i eitt land òg råkar dei andre. Det gjeld òg på europeisk nivå. I tillegg kan kriser andre stader i verda òg råke Europa. Då er det viktig å tenke strategisk saman og samarbeide for å kunne takle det best mogleg, seier Bakke-Jensen.

I tillegg til planlegging og strategi, ser han for seg at det kan bli felles øvingar basert på krisescenario.

Praktisk og pragmatisk

Forsvarsdepartementet opplyser at EI2 skal vere eit ikkje-bindande forum av europeiske land som er villige til å bidra til militære operasjonar for å respondere på truslar og utfordringar mot europeisk sikkerheit. Operasjonane kan skje innanfor ramma av EU, NATO, FN eller koalisjonar av villige.

Medlemslanda ønsker å få i stand praktiske og pragmatiske samarbeidsløysingar for løysing av konfliktar og kriser, skriv departementet.

(©NPK)

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var fredag på eit forsvarsministermøte i Nederland der Noreg blei medlem European Intervention Initiative. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix