Annonse

Erna Solberg vil kjempe mot valdtekt som våpen i krig: - Det er på tide å handle

Noreg trappar opp kampen mot seksuell vald i krig og konflikt - og håper få resten av verda med seg.

Ei ny norsk storsatsing på i alt 1 milliard kroner fordelte på tre år vart kunngjort då konferansen «Ending Sexual and Gender-Based Violence in Humanitarian Crises» starta i Oslo fredag.

- Historiene til overlevarar etter slik vald gjer djupt inntrykk. Valdtekt er eit våpen i krig, med øydeleggande konsekvensar. Vi kan ikkje lenger stå og sjå på. Det er tid for handling, sa statsminister Erna Solberg (H) i opningstalen sin til ein fullsett storsal på Radisson Blu Plaza Hotell.

- Det er mitt håp at denne konferansen vil snu utviklinga, sa Solberg.

Politikk og pengar

Noreg arrangerer konferansen i samarbeid med FN, Irak, Somalia, Dei sameinte arabiske emirata og Den Internasjonale Røde Kors-komiteen.

Representantar frå over 90 land og frivillige organisasjonar frå heile verda er samla i Oslo, saman med fredsprisvinnar Denis Mukwege, ei rekke ministrar og fleire FN-toppar. Målet er å skjerpe kampen mot seksuell vald i krig og konflikt gjennom å styrke dei politiske forpliktingane og sikre meir pengar til dette arbeidde.

- Fram til no har innsatsen mot seksuell og kjønnsbasert vald i humanitære kriser hatt for lite politisk merksemd og vore kritisk underfinansiert, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), som hausta applaus frå den smekkfulle salen på Oslo Plaza då ho kunngjorde den nye norske satsinga.

I år blir 350 millionar kroner øyremerkte til arbeidet.

Kamp for straff

- Vi må bli betre på førebygging, vi må gi offera betre hjelp, og vi må bidra til at langt fleire blir straffa for overgrepa, seier Eriksen Søreide.

- Det må bli slutt på straffridom for dette, slo ho fast.

Irak er blant landa som har vore hardt ramma, ikkje minst på grunn av IS' bruk av jesidi-kvinner som sexslavar.

- Vi har fleire offer enn noko anna land, slår Iraks utanriksminister Mohamed Ali Alhakim fast.

Valdtektsbarn

- Vi må finne ut korleis vi skal handtere dette. Men vi treng hjelp frå verdssamfunnet, appellerte han frå scena.

Alhakim peikar òg på at det anslagsvis er fødd 4.000 barn i Irak som resultat av valdtekter.

- Kva gjer vi med desse barna? Nokre gonger finn vi dei gåande åleine på motorvegane. Dei har ingen stader å gå, seier han.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix