Noreg gir 450 millionar kroner til Somalia

Noreg skal bidra med 450 millionar kroner til Verdsbankens fleirgivarfond for Somalia dei neste tre åra.

Utviklingsminister Nikolai Astrup (H) underteikna avtalen om dette under Verdsbankens årsmøte på Bali. Føremålet med fondet er å bidra til auka skatteinntekter, betre finansforvaltning og grunnleggjande tenester til befolkninga i Somalia.

- Sjølv om sikkerheitssituasjonen er blitt betre, er Somalia framleis i ein sårbar situasjon. Forholdet mellom føderalregjeringa og delstatane er krevjande. Det internasjonale samfunnet må difor bidra til auka stabilitet og tillit. Ein betra sikkerheitssituasjon og grunnleggjande tenester til befolkninga er sentrale element i dette arbeidet, seier Astrup.

I perioden 2015 til 2017 bidrog Noreg med 212 millionar kroner til Verdsbankens fleirgivarfond for Somalia. Ifølgje regjeringa har erfaringane vore gode, og fondet har gitt resultat.

- Det har bidratt til auka stabilitet og utvikling i Somalia. Vi er også svært fornøgde med samarbeidet med Verdsbanken, som bidrar med kreative og framtidsretta løysingar på krevjande utfordringar, seier Astrup.

(©NPK)

Utviklingsminister Nikolai Astrup (H) har underteikna ein avtale om å gi 450 millionar kroner i bistand til utvikling i Somalia. Foto: Pontus Höök / NTB scanpix