Klargjør siden...
Annonse

Noreg håpar på sterk og sjølvstendig FN-sjef

(NPK-NTB): FNs neste toppsjef må våge å stå for eigne meiningar, men også vere verdas beste diplomat, meiner utanriksminister Børge Brende (H).

Saman med seks andre land, Colombia. Etiopia, Ghana, Indonesia, Jordan og Mexico, har Noreg utarbeidd anbefalingar til FNs neste generalsekretær. Målet er å påverke FN-sjefens agenda og gjere FN meir relevant for å løyse globale utfordringar.

– Viktigare enn kven som blir ny generalsekretær, er kva den neste generalsekretæren bør gjere. Derfor har Noreg teke initiativ til å utvikle fleire forslag til korleis ein ny FN-sjef kan styrke FN, seier Brende i ein e-post frå UD.

Forslaga, som blir omtala som FN-70-prosjektet, blei lagt fram på eit møte i New York torsdag. I tillegg er dei omtalte i ein kronikk i Aftenposten.

Ifølgje Brende bør den neste FN-sjefen vere både verdas beste diplomat og aktivist. Han eller ho bør engasjere seg for å førebyggje konfliktar, sørgje for at verda innfrir forpliktingane sine når det gjeld både klima og FNs berekraftsmål, vere ein forsvarar for menneskerettar og også ein talsperson for dei fordrivne i verda.

– Når FNs medlemsland stridast, er det avgjerande at vi har ein sterk og klar FN-leiar. FN70-prosjektet set dette på dagsordenen, skriv Brende i kronikken. (©NPK)