Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Noreg har vedteke å donere Mistral-luftvernsystem til Ukraina, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
vaktsjef@ntb.no/sveinung.engeland@npk.no
Publisert: 20.04.2022 kl 07:24
– Mistral-luftvernsystem er eit effektivt våpen som har vorte brukte i Sjøforsvaret, og som vil vere til stor nytte for Ukraina, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram i ei pressemelding onsdag.
Tidlegare er det vedteke å donere til saman 4.000 panservernrakettar av typen M72 og fleire typar verneutstyr og anna soldatutrusting.
Regjeringa donerer Forsvarets behaldning av Mistral luftvernsmissil, om lag 100 missil. Mistral-systemet har vorte nytta på mineryddarar og korvettar. Det er ein type luftvern som Forsvaret har planlagt å erstatte. Det vil derfor ikkje ha ein stor konsekvens for den nasjonale operative evna å donere missila, ifølgje Forsvarsdepartementet.
– Missilet skal fasast ut av det norske Forsvaret, men det er framleis eit moderne og effektivt våpen som vil vere til stor nytte for Ukraina. Også andre land har donert liknande våpensystem, seier Gram.
Våpena er allereie sende ut av landet, opplyser departementet.
(©NPK)
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) opplyser onsdag at Noreg sender luftvernsystem til Ukraina. Foto: Javad Parsa / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.