Annonse

Noreg har kjøpt koronalegemiddel

Helsedirektoratet har bestilt eit avgrensa tal dosar med legemiddelet REGN CoV-2, som kan gi seks til åtte vekers vern mot koronavirus, skriv VG.

Ifølgje avisa dreier det seg om REGN CoV-2 frå Regeneron.

Helsedirektoratet ønskjer ikkje å kommentere prisen eller talet på dosar som er bestilte.

– Vi har bestilt det talet på dosar fagmiljøa har tilrådd. Korleis desse legemidla blir brukte, blir fortløpande avgjort i fagmiljøa, seier beredskapsdirektør Steinar Olsen.

Det europeiske legemiddelvernet (EMA) valde fredag å nytte ei unntaksavgjerd for bruk av antistoff-medisinen frå Regeneron.

Tyskland har tidlegare kjøpt inn vaksinen til 2.000 euro – eller drygt 20.000 kroner – per dose.

USAs tidlegare president Donald Trump vart behandla med «antistoff-cocktailen» då han var innlagd på sjukehus etter å ha vorte koronasmitta i oktober.

(©NPK)