Noreg i spissen for å hindra internasjonal fiskerikriminalitet

Noreg går saman med ei rekkje andre kystnasjonar for å slå tilbake mot internasjonal fiskerikriminalitet.

Måndag opna fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) den store konferansen FishCRIME i København. Noreg har saman med Nordisk ministerråd invitert store havnasjonar og små øystatar til å møtast i den danske hovudstaden for å diskutera korleis ein kan stoppa bakmennene.

På konferansen signerte Nesvik ei erklæring som forpliktar Noreg til å dela kunnskap og støtta utviklingsland i kampen mot fiskerikriminalitet.

Førebels er ni kystnasjonar med i erklæringa; Færøyene, Indonesia, Sri Lanka, Ghana, Namibia, Solomonøyane, Palau og Kiribati, i tillegg til Noreg som står bak initiativet.

- Eit internasjonalt problem

Fiskeriministeren håpar fleire land vil vera med og seier at fiskerikriminalitet ikkje berre er eit nasjonalt, men eit internasjonalt problem.

- Fiskerikriminalitet kjem til å bli ein av dei absolutt viktigaste sakene mine. Vi kan ikkje ha slike kjeltringar som driv med ulovleg verksemd, og som sørgjer for at viktige inntekter ikkje kjem dei ulike samfunna til gode, seier Nesvik til NTB.

Kvart år går det føre seg det uregulert og ulovleg fiske til ein verdi av 192 milliardar kroner, ifølgje rapporten til Nordisk ministerråd Chasing Red Herrings frå i fjor.

Menneskehandel og slaveri

Ulovleg fiske har, kombinert med internasjonal kriminalitet, fått stadig meir merksemd dei siste åra. Ifølgje Norad er organiserte, kriminelle nettverk involvert i ulovleg fiske, gjerne kombinert med menneskehandel og slaveri.

Korrupsjon, kapitalflukt og narkotikahandel er også kriminell verksemd som blir sett i samband med ulovleg fiske.

Ulovleg fangst blir ofte transportert over lange avstandar og endar opp i hamnar der lokale styresmakter verken har kunnskap om forvaltning eller nok kontroll over korleis fisket har gått føre seg.

Noreg blir rekna blant dei landa som har komme lengst i kampen av fiskerikriminalitet. I 2013 inngjekk Norad eit samarbeid med Interpol for å styrkja innsatsen mot ulovleg fiske.

(©NPK)

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp), her på Slottsplassen i august då han tok over ministerposten etter partikollega Per Sandberg.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix