Annonse

Noreg kan tape klart og likevel gå vidare i handball-EM

Noreg er så godt som sikra plass i hovudrunden i handball-EM for menn saman med Russland. Det vart klart etter at russarane slo Slovakia 36–27.

Noreg speler mot gruppejumboen Litauen seinare i kveld. Der kan det norske laget tape med opp til sju mål og likevel ta andreplassen i puljen.

Det norske laget startar kampen som storfavoritt, og mykje skal til for at det ikkje endar med kontrollert norsk siger. Målvakt Torbjørn Bergerud opnar i målet etter at han stod over kampen mot Russland på grunn av det som truleg var ei lett hjerneristing.

Russarane reiser til hovudrunden i Bratislava med to poeng, medan Noreg vil ha null. Dette kjem av 22–23-tapet mot Russland for to dagar sidan.

Laga skal gjennom fire kampar kvar i hovudrunden. Desse blir spelte torsdag, fredag, søndag og tysdag neste veke.

Norske motstandarar blir Spania, Tyskland, Polen og Sverige eller Tsjekkia.

(©NPK)

Sander Sagosen i duell med russaren Aleksandr Kotov i handball-EM. Begge er så godt som klare for hovudrunden. Foto: Annika Byrde / NTB