Annonse

Noreg klatra to plassar på Fifa-rankinga

(NPK-NTB): Noregs herrelandslag har komme seg inn blant dei 50 beste fotballnasjonane i verda.

På den ferske Fifa-rankinga har Noreg klatra frå ein 51.- til ein 49.-plass. Argentina ligg på topp føre Belgia og Colombia. Europameister Portugal klatrar frå åttande- til sjetteplass.

EM-overraskinga Wales er nær å slå seg inn på topp ti-lista. 1.137 poeng held til ein 11.-plass, opp 15 plassar frå juni-rankinga. Island er best av dei nordiske landa. Etter kvartfinalen i EM har islendingane klatra tolv plassar til ein 22.-plass.

Kosovo er rangert for første gong etter at laget fekk fullverdig Uefa- og Fifa-medlemskap. Balkan-landet går inn på 190.-plassen med 66 poeng. 209 land er med på Fifa-rankinga. Anguilla, Bahamas, Djibouti, Eritrea, Somalia og Tonga har alle null poeng.

Topp 10: 1) (1) Argentina 1585 poeng, 2) (2) Belgia 1401, 3) (3) Colombia 1331, 4) (4) Tyskland 1319, 5) (5) Chile 1293, 6) (8) Portugal 1266, 7) (17) Frankrike 1189, 8) (6) Spania 1267, 9 (7) Brasil 1156, 10 (12) Italia 1155.

... 49) (51) Noreg 588.

Laga i Noregs VM-kvalifiseringsgruppe: 28) (25) Nord-Irland 822, 33) (30) Tsjekkia 7685, 137 (138) Aserbajdsjan 253, 200) (200) San Marino 20.

Nummer fire Tyskland er òg i Noregs gruppe.

Dei nordiske landa: 22) (34) Island 871, 40) (35) Sverige 656, 44) (38) Danmark 630, 65) (67) Finland 540. (©NPK)

Annonse