Annonse

Noreg leika med Sverige i EM

Dei norske handballjentene parkerte Sverige på veg mot 38-29-siger fredag, men reiser irriterte frå EM etter å ha kasta vekk medaljesjansen i opningskampen.

Framfor snautt 9000 tilskodarane i storarenaen i Bercy fortsette Noreg med det gode spelet sitt frå hovudrunden.

Det norske laget gjekk frå 10-10 til 17-10 på fem rallyminutt i 1.-omgangen. Då slo den svenske trenaren Henrik Signell til slutt så hardt i timeout-knappen at apparatet heldt på å knele.

Han hadde sett laget sitt bli heilt rundspelt av keeper Silje Solberg (kom inn etter eit snautt kvarter) og norske kontringar.

Søndag går EM-finalen i Paris. For første gong sidan 2000 er Noreg ikkje med i gullkampen.

Til VM neste år er sannsynlegvis Nora Mørk tilbake for Noreg. Det kan òg keeper Kari Aalvik Grimsbø vere. Det same gjeld Amanda Kurtovic og Stine Skogrand.

To kostbare bommar

2018 vart året der både kvinne- og herrelandslaget øydela medaljemoglegheitene sine i opningskampen i EM. Gutane hadde Frankrike heilt på gaffelen i Kroatia, men tapte 31-32.

Jentene spelte ein særs svak kamp og fall med 32-33 for Tyskland. Der gjorde lagleiinga taktiske val som truleg tok frå Noreg sigeren.

Begge landslaga hadde gått vidare til semifinale med eitt poeng til.

Slo til

Handballjentene speler sitt neste meisterskap (VM) i Japan om eit snautt år. Det er òg sannsynleg at Noreg kvalifiserer seg til 2020-OL i same land. Det kan skje via verdsmeisterskapet neste år eller i OL-kvalifiseringa i mars 2020.

Henny Reistad er eit sikkert kort heile vegen om ho unngår skadar. 19-åringen har fått det internasjonale gjennombrotet sitt i EM.

(©NPK)

Stine Bredal Oftedal var sentral då Noreg fullstendig køyrde over Sverige i handball-EM fredag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Full norsk jubel etter ein av mange scoringar mot Sverige i handball-EM- fredag.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix