Noreg lovar meir hjelp til Ukraina, seier USAs forsvarsminister

Danmark leverer missil til Ukraina, og også Noreg er blant landa som har lova ny hjelp, seier USAs forsvarsminister Lloyd Austin ifølgje Reuters.

Ifølgje Austin skal Danmark gi missil av typen Harpoon, som skal brukast til å forsvare Ukrainas kyst. Desse er opphavleg utvikla til bruk mot skip.

Han seier ikkje noko om kva slags hjelp Noreg bidreg med.

– Regjeringa vurderer fortløpande om Noreg skal sende meir våpen og materiell til Ukraina. Desse vurderingane og eventuelt pågåande eller framtidige bidrag, kommenterer vi ikkje, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) til NTB.

Noreg, Danmark og 18 andre land kom med tilbodet om meir hjelp på eit digitalt møte med USA og ei rekkje allierte, opplyser Pentagon måndag.

– Mange land donerer svært velkommen artilleriammunisjon, kystforsvarssystem, stridsvogner og andre pansra køyretøy, sa Austin.

Noreg har tidlegare gitt om lag 100 Mistral luftvernsmissil, 4.000 panservernrakettar av typen M72 og fleire typar verneutstyr og anna soldatutrusting. Noreg har også lova 400 millionar kroner til eit britisk fond for kjøp av våpen og militært utstyr til Ukraina.

(©NPK)

Ifølgje USAs forsvarsminister Lloyd Austin har Noreg lova meir hjelp til Ukraina. Foto: AP / Alex Brandon / NTB