Noreg ønskjer EU-forbod mot miljøgifter

Eit omfattande forslag om forbod mot miljøgifter av typen PFAS i EU og EØS er lagt fram av Noreg og fleire andre land.

– PFAS er blant dei mest urovekkjande stoffa vi omgir oss med, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i ei fråsegn.

Også Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland har vore med på å utarbeide forslaget. Det vart oversendt EUs kjemikaliebyrå ECHA i januar i år, og blir offentleggjort tysdag i Brussel.

I tillegg skal det presenterast på ein pressekonferanse i Oslo.

Blir ikkje brotne ned

PFAS-stoffa kan mellom anna forstyrre fosterutvikling og forplantningsevne og er mistenkte for å auke risikoen for kreft.

Ein studie i fjor tydde på at stoffa allereie finst i regnvatn over heile kloden. Dei blir spreidde med hav- og luftstraumar og blir kalla «evighetskjemikalier» sidan dei i liten grad blir brotne ned.

Eide meiner det er ein viktig milepæl at Noreg og dei andre landa no foreslår å forby alle PFAS-stoffa. Då kan ikkje lenger éin type PFAS bytast ut med ein annan.

Nokre unntak finst det likevel i forslaget for bruksområde der det ikkje finst alternative løysingar.

Ringverknader

Eit forbod i EU og EØS kan bidra til strengare miljøregulering også i resten av verda, håpar Eide.

– Produsentar som vil eksportere produkt til EU, må ta omsyn til forbodet og forhåpentleg velje same standard i eige land, seier han.

Miljøministeren seier at reguleringsforslaget er det mest omfattande innan kjemikaliar i EUs historie. Eit endeleg vedtak kan komme i 2025 eller 2026.

Dei fluorhaldige PFAS-stoffa blir mellom anna brukte i tekstil, i belegg på steikepanner, i kosmetikk, emballasje, brannskum og i industrien.

Fleire av dei aktuelle stoffa er allereie strengt regulerte i EU og EØS.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide på ein pressekonferanse i Oslo i fjor.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB