Annonse

Noreg rundspelte Danmark i Golden League-opninga

Det norske kvinnelandslaget i handball fekk ein strålande start på Golden League-turneringa då Danmark vart slått 31-20 torsdag.

Det norske laget gjorde som dei ville gjennom store delar av kampen, og med unntak av ein mindre god periode midt i andre omgang, hadde danskane lite å stille opp med.

Noreg vann til slutt 31-20 etter storspel i den franske byen Clermont-Ferrand og leier dermed Golden League-turneringa før Romania og Frankrike spelar seinare torsdag.

Sigeren var Noregs niande strake mot Danmark dei siste fem åra.

Vidare i Golden League skal Noreg møte Romania (laurdag) og vertsnasjon Frankrike (søndag).

(©NPK)

Dei norske spelarane hadde god grunn til å smile under landskampen mot Danmark i Golden League.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix