Annonse

Noreg struper pengehjelp til «LHBT-frie soner» i Polen

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) nektar å gi økonomisk bistand til kommunar i Polen som har erklært seg som LHBT-frie soner.

Annonse

Det byrja i Swidnik, eit fylke i dei tradisjonelt konservative områda søraust i Polen.

I mars 2019 vedtok fylkestinget i Swidnik ein resolusjon der området vart erklært som ei sone «fri for LHBT-ideologi». I ettertid har meir enn 100 polske byar, kommunar, fylkeskommunar og provinsar vedteke liknande erklæringar.

No varslar utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) at ho vil ta Noregs økonomiske musklar i bruk for å svare på utviklinga. Det å erklære seg som LHBT-ideologifri sone er uforeinleg med å få pengestøtte gjennom EØS-midla, fastslår ho.

– Vi har eit godt samarbeid med Polen om EØS-midla, seier Eriksen Søreide til NTB.

– Men vi set òg nokre tydelege grenser for kva norske EØS-middel kan og skal gå til.

Juridisk utgreiing

Eriksen Søreide fortel at Utanriksdepartementet nyleg bestilte ei juridisk utgreiing frå FMO, som er sekretariatet til EØS-midlane i Brussel, for å få vurdert kva ein kunne gjere i saka.

Basert på denne utgreiinga har Utanriksdepartementet konkludert med at det ikkje vil vere i tråd med regelverket for EØS-midlane å gi prosjektfinansiering til fylke og kommunar i Polen som har erklært seg som LHBT-ideologifrie soner. Dette blir grunngitt med at erklæringane kjem i konflikt med det felles europeiske verdigrunnlaget som EØS-prosjekta skal byggje på.

Så lenge erklæringane står ved lag, vil dei LHBT-ideologifrie sonene derfor ikkje få pengar frå Noreg.

– Vi ønskjer jo å støtte opp om ein politikk for mangfald og fridom, seier Eriksen Søreide.

– Derfor har vi vore veldig klare på kva vi tenkjer rundt dette, og vi håpar at Polen endrar politikken sin, seier ho.

Konfliktfullt

Noreg og EØS-partnarane Island og Liechtenstein har enno ikkje formelt orientert Polen om avgjerda. Men spørsmålet har vorte mykje diskuterte i møte med polske styresmakter, ifølgje utanriksministeren.

– Eg antek at Polen vil vere usamd. Det er dei for så vidt i sin fulle rett til. Men menneskerettar er universelle. Alle statar har ei forplikting til å verne menneskerettane, og seksuell orientering er ein heilt klar del av dette. For oss er det viktig politikk, seier ho.

Noreg har tidlegare vore i konflikt med Polen om den delen av EØS-midlane som skal gå til sivilsamfunnet. Noreg har insistert på at desse pengane ikkje skal underleggjast politisk kontroll frå sida til den polske regjeringa.

I februar i år trekte Noreg seg dessutan frå eit program for justissektoren under EØS-midlane på grunn av politisk press mot domstolane i Polen.

Største mottakar

Dei økonomiske konsekvensane av grepet Noreg no tek, kan bli store.

Polen er største mottakar av EØS-middel, med ein pott på 809,3 millionar euro for perioden frå 2014 til 2021. Det svarer til nærare 8,9 milliardar kroner med dagens kurs.

I eit skriftleg svar til Stortinget om saka blir byen Krasnik trekt fram som døme. Krasnik erklærte seg som LHBT-ideologifri sone i mai 2019. Ifølgje den polske nettavisa OKO.press kan konsekvensen bli eit tap på 3–10 millionar euro når pengehjelpa til byen no blir sett på vent.

Noreg vil derimot halde fram med å støtte sivilsamfunnet i LHBT-ideologifrie soner.

Kommunar som ligg i fylke eller provinsar som har erklært seg LHBT-ideologifrie, men som ikkje sjølv har vedteke slike erklæringar, vil heller ikkje bli omfatta.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vil nekte utbetaling av EØS-middel til fylkeskommunar og kommunar i Polen som har erklært seg som LHBT-ideologifrie soner. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB