Annonse

Noregs ambassadør i samtalar med Taliban i Kabul

Noregs ambassadør til Afghanistan og to andre diplomatar var måndag tilbake i Kabul for å ha samtalar med Taliban.

– Det er viktig at dei reiser inn, og vi får ein dialog, sa utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) på eit pressetreff med norske journalistar i New York måndag.

Ambassadør Ole A. Lindeman og diplomatkollegaene hans er tilbake i landet på eit to dagar langt besøk for å snakke med Taliban, som tok over makta i landet i august. Maktovertakinga førte til ei storstilt evakuering av utanlandske statsborgarar, inkludert nordmenn. Den norske ambassaden vart stengd, og det er første gong etter maktovertakinga at Lindeman er tilbake.

Temaet for samtalane mellom dei norske diplomatane og Taliban var mellom anna den humanitære situasjonen, respekt for menneskerettar og kvinners rett til deltaking i samfunnet, opplyser Huitfeldt.

– Dette inneber ikkje noka endring av norsk politikk, understrekar ho.

Ingen pengar til Taliban

– All bistand til dei afghanske styresmaktene er stansa. Den norske støtta til Afghanistan går til å dekkje det grunnleggjande behovet i sivilbefolkninga gjennom FN og uavhengige organisasjonar i tillegg til ein betydeleg humanitær innsats, seier Huitfeldt.

Ho meiner likevel at det er viktig å ha kontakt med dei nye makthavarane og andre miljø i landet for å kunne støtte det afghanske folket. Viljen til å snakke med alle partar er eit kjenneteikn i det norske freds- og forsoningsarbeidet, blir det påpeika.

Huitfeldt seier ho er ekstremt uroleg for den alvorlege humanitære situasjonen i landet og viser til at det krigsherja landet er ramma både av tørke og pandemi, og at økonomien har kollapsa.

– Det er reell fare for samfunnskollaps med enorme konsekvensar for den afghanske sivilbefolkninga, seier ho.

Nytt FN-mandat

Noreg leier for tida FNs tryggingsråd og leier også forhandlingane om eit nytt mandat for FN-arbeidet i Afghanistan. Det noverande mandatet går ut i mars.

– Det er utruleg viktig at vi får ei semje om eit sterkt FN-mandat, seier Noregs FN-ambassadør Mona Juul.

Afghanistan er avhengig av internasjonal hjelp, men det er samtidig viktig at det internasjonale samfunnet er samstemt når det gjeld mellom anna kvinners rettar, menneskerettar og internasjonal rett, understrekar ho.

(©NPK)

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) meiner det er viktig å ha dialog med Taliban for å kunne hjelpe den afghanske befolkninga. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB