Noregs Bank varslar betre løysingar for raske betalingar

Eit system som opnar for at mottakar kan få pengane inn på konto få sekund etter at ei betaling er sett i gang, skal komme på plass i år, varslar Noregs Bank.

Noregs Bank har sidan 2016 samarbeidd med banknæringa om å forbetre infrastrukturen for såkalla realtidsbetalingar i Noreg.

- Ein forbetra infrastruktur for slike betalingar er planlagt innan utgangen av inneverande år, seier visesentralbanksjef Jan Nicolaisen.

- Noregs Bank føreset at bankane vil tilby tenester som gjer at privatpersonar og føretak kan utnytte moglegheitene i den nye infrastrukturen, legg han til.

I rapporten Finansiell Infrastruktur 2019, som vart kunngjort torsdag, slår sentralbanken fast at det er behov for betringar i den finansielle infrastrukturen for å halde oppe effektiviteten i betalingssystemet.

Samtidig greier Noregs Bank no ut om digitale sentralbankpengar i framtida kan bidra til tilliten til pengevesenet og effektiviteten i betalingssystemet, slik kontantar gjer i dag.

- Kontantar er framleis ein viktig betalingsmåte, og dei er ein del av den samla beredskapen ved svikt i betalingssystemet, heiter det i rapporten.

(©NPK)

Noregs Bank greier no ut om digitale sentralbankpengar i framtida kan bidra til tilliten til pengevesenet og effektiviteten i betalingssystemet, slik kontantar gjer i dag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix