Annonse

Noregs sigersrekke i stafett held fram etter kraftig opphenting

Dei norske skiskyttarkvinnene har gjort reint bord i verdscupstafettane denne sesongen. Fredag sikra Marte Olsbu Røiseland ny siger i Ruhpolding.

Sigeren var Noregs fjerde strake i verdscupen i vinter. Det betyr at Tiril Eckhoff og lagvenninnene er utan tap og går mot VM i Antholz som soleklare gullfavorittar.

Fredag følgde Frankrike nærast dei norske jentene. Sigersmarginen vart til slutt på 10,7 sekund.

Sveits vart overraskande nummer tre, 20,7 sekund bak Noreg.

Skuffa Knotten

Karoline Knotten fekk på nytt sjansen på opningsetappen, akkurat som då det norske laget gjekk til topps på stafettane i Östersund og Hochfilzen før jul.

Fredag måtte ho tole to ekstraskot på liggjande skyting og ytterlegare eitt på ståande. Dermed hamna Noreg på etterskot i kampen om dei aller mest framskotne plasseringane.

Då Ingrid Landmark Tandrevold vart sendt ut på etappe nummer to var avstanden opp til teten rett i overkant av eitt minutt.

– No er det veldig vondt. Det er kjipt å gå ein dårleg etappe. Eg var offensiv som eg pleier på førsterunden, og fekk sjølvtillit av det, men eg vart altfor ivrig på skytinga, sa Knotten til NRK.

– Eg føler ikkje eg fekk ut det eg var god for, og det kjennest ikkje bra akkurat no, la ho til.

Eckhoff i superform

Tandrevold skaut fullt på liggjande, men klarte ikkje nærme seg teten. Trass eitt ekstraskot på ståande reduserte ho forspranget til leiande Frankrike til 47,2 sekund til veksling.

– Eg prøvde å gå mitt eige løp, samtidig som eg gjekk alt eg kunne frå start. Eg er fornøgd med mykje. Litt irriterande at eg bomma på det siste skotet. Eg var nok litt hissig på grauten, summerte Tandrevold til NRK.

Tiril Eckhoff har vunne fem av dei sju siste verdscuprenna og er i storform. Fredag gjekk Fossum-løparen særs offensivt ut og fossa innpå teten i skisporet.

Fem raske treff på liggjande sende Noreg inn i pallkampen, og inn til ståande var forspranget til Tyskland i tet redusert til under 20 sekund. Der sprakk heimehåpet Vanessa Hinz og måtte ut i strafferunden.

Olsbu Røiseland avslutta

Eckhoff måtte ha to ekstraskot på å fylle, men var ikkje meir enn 17,5 sekund bak Frankrike. Til veksling hadde avstanden krympa til berre to sekund.

– Eg «grunna» på frå start. Dette var gøy. Eg tenkte at stafett er stafett, og skiskyttarstafett er noko som snur fort, sa ein glad Eckhoff.

På ankeretappen brukte Marte Olsbu Røiseland seks skot på dei fem liggandeblinkane og gjekk med det ut i tet. Konkurrentane bomma.

På ståande brukte Froland-jenta òg seks skot og tok vare på leiinga si. 11 sekund var forspranget til Frankrike ut på sisterunden. Den luka gav ikkje Olsbu Røiseland frå seg.

Laurdag er det stafett for menn i Ruhpolding, medan det søndag skal gåast jaktstartar i den tyske skiskyttarmetropolen. Der går Tiril Eckhoff ut i tet og har ein god sjanse til å ta den sjette individuelle verdscupsigeren i sesongen.

(©NPK)

Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff, Ingrid Landmark Tandrevold og Karoline Offigstad Knotten gjekk stafetten for Noreg fredag. Foto: Fredrik Sandberg / TT NYHETSBYRÄN / NTB scanpix

Karoline Knotten fekk det tungt på opningsetappen i Ruhpolding fredag. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix