Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Rikard Norling fekk sparken i Brann. Han meiner det var det beste som kunne hende han som fotballtrenar, men skryt uhemma av klubben.
npk@npk.no
Publisert: 21.09.2016 kl 10:01
No leier han AIK med suksess og ser ut til å sikre tredjeplassen bak Norrköping og Malmö FF i Allsvenskan.
I eit stort intervju med Aftonbladet gir han Brann mykje plass.
26. november 2014 tapte Brann kvalik-kampen mot Mjøndalen og rykte ned. Norling hadde i mars same år våga seg ut på å snakke om «Brann som ein mogleg gullkandidat».
Fallet var langt og brutalt. – Det er ti minutt igjen av kampen, og vi ligg klart under. Eg står føre faktumet at eg har spelt eit lag ned ein divisjon. Korleis går du vidare? Korleis handterer du den prosessen? seier Norling.
– Kva skjedde?
– Dei syntest eg skulle gå derfrå fordi eg hadde gjort dei ille. Dei ville ikkje ha meg der, men eg kjente likevel at eg i alle fall hadde gjort det.
Norling fortsette inn mot ein ny sesong, men i slutten av mai kom 1-4-nederlaget for Levanger. Då var løpet køyrt for han.
– Alle treng å få sparken ein gong iblant. Då må ein sjå seg sjølv i spegelen. Snøballen hadde begynt å rulle, og den berre fortsette. Eg kunne uansett ikkje stoppe den.
Norling skryt likevel av opphaldet i Noreg. – Menneska i Brann var fantastiske. Klubben var vakker som satan. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.