Norovirus påvist i Madlaleiren

Det er påvist norovirus i Madlaleiren i Stavanger etter at nærare 50 personar onsdag førre veke vart sjuke med oppkast, diaré og feber.

Noroviruset vart påvist i avføringsprøvar frå dei som vart sjuke, opplyser major Roar Wold, som er talsmann for Forsvaret til VG.

Etter sjukdomsutbrotet sette leiren i gang fleire tiltak for å førebygge ytterlegare smitte, og dei som allereie var smitta vart bedne om å unngå fellesområda i leiren.

Leiren sende òg inn prøvar av drikkevatnet, men ifølgje VG vart det ikkje gjort funn. Mattilsynet vil ta saka vidare, og dei vil gjere forsøk på å finne smittekjelda.

(©NPK)