Norsk diplomat blir visegeneralsekretær i Europarådet

Europarådets parlamentarikarforsamling har valt den norske diplomaten Bjørn Berge til den nye visegeneralsekretæren til rådet.

Berges motkandidat i vala på tysdag var tyrkiske Leyla Kayacik.
– Eg gratulerer Bjørn Berge med valet til visegeneralsekretær i Europarådet. Med omfattande erfaring frå norsk utanriksteneste og leiande stillingar i Europarådet er han svært godt kvalifisert til stillinga, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).
Då Berge vart foreslått som kandidat, sa Søreide at han er kvalifisert for stillinga og har omfattande erfaring som vil vere spesielt relevant for den reformprosessen som er i gang i Europarådet
Den erfaringa inkludere fleire stillingar tilknytt nettopp Europarådet. Han leidde kampanjen for å få Thorbjørn Jagland valt til generalsekretær i 2009. Deretter var Berge stabssjef og leidd Jaglands sekretariat. Frå 2017 har han vore sekretær for Europarådets ministerkomité.
57-åringen vart fødd i Brasil og byrja på jobbe i den norske utanrikstenesta i 1990. Han har ei mastergrad i statsvitskap og har gitt ut fleire bøker, blant om berømte talar, talane til kongen og nyttårstalane til norske statsministrar.
EMBED START Image Bjørn Berge blir visegeneralsekretær i Europarådet. Foto: Utanriksdepartementet / NTB EMBED END Image(©NPK)