Norsk hockeyprofil klar for Oskarshamn

Den norske landslagsprofilen Alexander Reichenberg skal neste sesong spele for nyopprykte Oskarshamn på øvste nivå i svensk ishockey.

Oskarshamn, som sikra opprykk til SHL sist seosng, presenterte måndag Reichenberg som så langt er den siste nyskaffinga til klubben.

Reichenberg er oppvaksen i den svenske byen Mora, men har spelt mesteparten av karrieren i Lillehammer. To sesongar i Storhamar og eit proffeventyr i tsjekkiske Sparta Praha har det òg vorte.

Førre sesong var han lånt ut frå Lillehammer til Färjestad. Der bidrog han til at klubben spelte seg heilt fram til finale i det svenske SHL-sluttspelet. No går altså ferda til Sverige.

- Det kjennest som ei fin utfordring med eit nytt lag i SHL. Det blir spennande og veldig gøy å komme til Oskarshamn og håpe ein får spele, seier han.

- Det kjennest bra at eg har spelt i SHL tidlegare, så veit eg litt om korleis det er og motstandarlaga. Det er ein veldig bra liga, og det er tøft å spele mot dei beste laga, legg til han.

Reichenberg er klar på at han kjem til ein klubb det ikkje blir stilt dei heilt store forventningane til.

Oskarshamns sportssjef Daniel Stolt er glad for å ha fått Reichenbergs signatur på plass.

- Ein spennande speler med fart. Alexander kan vere både centar og ving. Han har verdifull erfaring med seg frå OL og VM, seier han.

Reichenberg har signert ein eittårskontrakt med klubben.

(©NPK)

Alexander Reichenberg skal spele for Oskarshamn neste sesong. Foto: Tore Meek / NTB scanpix