Klargjør siden...

Norsk industriproduksjon litt opp

(NPK-NTB): Norsk industriproduksjon auka med 0,3 prosent i perioden februar-april samanlikna med førre tremånadersperiode, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Sesongjusterte tal viser at produksjonsnedgangen i industrien no har flata ut etter ein periode med fall sidan hausten 2014.

Ein auke på 4,9 prosent i bygginga av skip og oljeplattformer bidrog mest til oppgangen. Innanfor næringsgruppene gummi, plast, mineralsk industri og i trelast- og trevareindustrien blir det også registrert ein auke i perioden februar-april.

På månadsbasis var det ein nedgang på 0,7 prosent i industriproduksjonen frå mars til april. Dataindustri, elektrisk utstyrsindustri og maskinreparasjon og -installasjon var blant næringane som hadde nedgang i den perioden. (©NPK)

Annonse