Annonse

Norsk og dansk kvinne funne døde i fjella i Marokko

Ei norsk og ei dansk kvinne er funne døde med stikkkadar utanfor ein landsby i Atlas-fjella i Marokko, ifølgje innanriksdepartementet i landet.

Annonse

Dei kvinnelege turistane vart funne med valdsskadar som var forårsaka av ein skarp gjenstand, opplyser departementet i ei fråsegn måndag.

Ei kriminaletterforsking er i gang, heiter det vidare.

Norske styresmakter vart mandag ettermiddag informert om hendinga. Mandag kveld var det framleis uvisse rundt fleire forhold rundt saka, mellom anna om pårørande har vorte varsla.

- Vi jobbar med å kartleggje kva som er status i saka, seier pressevakt Ane Lunde i Utanriksdepartementet til NTB. UD er no i kontakt med marokkanske styresmakter.

Kvinnene vart funne i eit avsidesliggjande fjellområde i nærleiken av landsbyen Imlil i Atlasfjella. Imlil, som ligg 70 kilometer frå Marrakech, blir ofte brukt som utgangspunkt for turar til fjellet Toubkal, som er det høgaste fjellet i Nord-Afrika.

Det er førebels ikkje kjent når dei to kvinnene døydde.

(©NPK)