Norsk VM-bronse i laghopp for kvinner

Noregs hoppkvinner tok VM-bronse i lagkonkurransen i tyske Oberstdorf fredag. Dei enda 17,2 poeng bak gullvinnar Austerrike.

Etter at Noreg berre var 4,4 poeng bak leiande Austerrike etter første omgang, skuffa dei norske jentene i finalen.

Til slutt var dei 17,2 poeng bak austerrikarane, medan Slovenia tok sølvet. Alt vart avgjort i gullkampen med det siste hoppet.

(©NPK)

Maren Lundby og dei norske hopparane tok VM-bronse i laghopp fredag. Foto: Lise Åserud / NTB