Annonse

Norske Chelsea-profilar får superstjerne som lagvenninne

Den australske fotballstjerna Samantha Kerr (26) valde Chelsea som neste stoppestad i karrieren.

Annonse

Der blir ho lagvenninne med norske Maren Mjelde, Guro Reiten og Maria Thorisdottir. Kerr var ønskt av ei rekke toppklubbar i Europa, og valet fall på London-laget.

Det opplyser Chelsea på nettstaden sin.

- Det at ho valde Chelsea når ho kunne ha gått til kva for ein som helst klubb i verda, er ein heider for spelarane og støtteapparatet her. Ho såg dette som den beste staden for å vekse ytterlegare og ta det neste steget i karrieren. Det er eit fantastisk kompliment til oss alle, seier Chelsea-manager Emma Hayes.

Mange hugsar Kerr frå fotball-VM i sommar, der ho scora alle fire måla i 4-1-sigeren over Jamaica som sette opp eit møte med Noreg i åttedelsfinalen. Dei norske kvinnene fekk kontroll på ho ganske bra, og Kerr bomma dessutan i straffespark konkurransen der Noreg vann og tok seg vidare i VM.

Tidlegare i karrieren har Kerr kombinert spel på øvste nivå i Australia og USA, som har sesong i ulike delar av året. 26-åringen har spelt for både Perth Glory, Sydney, Western New York Flash, Sky Blue og Chicago Rei Stars.

(©NPK)

Samantha Kerr i duell med Maria Thorisdottir under fotball-VM i sommar. No blir dei to lagvenninner i Chelsea.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix