Annonse

Norske verksemder må ha høgare beredskap, viser ein fersk rapport frå NSM

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) meiner norske verksemder må bli flinkare til å verne seg mot spionasje, sabotasje, terror og andre truslar.

Annonse

– Vi ser at mange verksemder har vorte flinkare til å prioritere tryggleik, men åtvarar mot å tru at jobben er gjort, seier Sofie Nystrøm, direktør i NSM.

Ein fersk rapport frå NSM viser til at norske verksemder må førebu seg betre og ha høgare beredskap. Truslane blir fleire og meir sofistikerte, og NSM ønskjer derfor at norske verksemder aukar tempoet i tryggingsarbeidet.

– Beredskapen må byggjast før krisa hender, seier Nystrøm.

Rapporten viser at underleverandørar er eit svakt punkt for mange verksemder, og at framande aktørar prøver å kjøpe tilgang til viktig teknologi.

(©NPK)

Direktør i Nasjonal sikkerhetsmyndighet Sofie Nystrøm mener virksomheter må prioritere sikkerhetsarbeidet.
Foto: Annika Byrde / NTB / NPK