Annonse

140 dødsulykker med vogntog granska

Frå 2014 til 2018 var det 140 dødsulykker med tunge køyretøy på norske vegar. I tre av fire tilfelle var det andre enn vogntoget som forårsaka ulykka.

Det viser samanstillinga Samferdselsdepartementet har laga med tal frå Statens vegvesens ulykkeanalysegruppe (UAG) for perioden 2014 til 2018.

I 26 prosent av ulykkene var det vogntoget som var «utløysande eining». I dei aller fleste ulykkene var det andre trafikantar som forårsaka ulykka.

- Alle som er ute på vegen, kan bidra til større sikkerheit. Men talen til tala er klar. Norske vogntog forårsakar forholdsmessig få ulykker, men er involvert i mange fordi andre trafikantar forårsakar ulykka, seier leiar Geir Mo i Noregs Lastebileier-Forbund.

Høgare ulykkesrisiko for utanlandske

I 105 av ulykkene som er gjennomgått, sat ein nordmann bak rattet i vogntoget, medan utanlandske sjåførar var involverte i 34 av dei. Mo påpeikar at dette må sjåast i forhold til delen norske og utanlandske vogntog på vegane. Tar ein dette med i utrekninga, er ulykkesrisikoen lågare for dei norske yrkessjåførane.

- Kvar tredje lastebil på vegen er utanlandsk, to tredelar er norske, påpeikar Mo.

Sjølv om lastebilsjåføren skulle komme uskadd frå ulykka, er det likevel ei stor belastning for dei, understrekar han.

- Snakkar du med ein lastebilsjåfør som har opplevd dette, veit du at vedkommande slit med det i mange år.

Han påpeikar at gjennomgangen til departementet ikkje omfattar hendingane der føraren av andre køyretøy med vilje har køyrt inn i vogntoget for å ta livet sitt.

- Tar ein med sjølvdrap, er det heile 85 prosent av ulykkene som er forårsaka av andre enn vogntogsjåførar, ifølgje Mo.

Norske sjåførar i seks dødsulykker årleg

Av dei 37 dødsulykkene der tungbilen var utløysande for ulykka, var ti av dei med utanlandske sjåførar. Utanlandske vogntogsjåførar har med andre ord vore førar av utløysande eining i gjennomsnitt to dødsulykker per år dei siste fem åra.

For norske tungbilsjåførar viser tala at dei var involverte i om lag seks dødsulykker årleg.

Nedgang i talet på ulykker

Sidan 2012 har likevel talet på trafikkulykker med vogntog vorte meir enn halvert - frå 241 til 109, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Det har òg vore ein reduksjon på 51 prosent i ulykker med personskade - frå 278 i 2012 til 135 i 2018.

Det har likevel ikkje vore den same nedgangen i talet på omkomne dei siste åra. Talet har lege på mellom 13 og 20 årleg sidan 2012.

- Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar, både sommar og vinter. Derfor har regjeringa gjennomført fleire tiltak overfor transportbransjen dei siste åra. I denne perioden har talet på ulykker med tunge køyretøy gått ned. Samtidig er éi ulykke éi for mykje, og arbeidet for å betre trafikktryggleiken må halde fram, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Skjerper dekk-krava ytterlegare

Han peikar på at regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å betre situasjonen, mellom dei innføringa av strengare krav til vinterdekk, fleire kontrollar og auka gebyr.

15. november vil vinterdekk-krava bli skjerpa ytterlegare.

I departementets samanstilling kjem det likevel fram at under ein firedel av dødsulykkene med tungbil involvert skjer på typiske «norske vintervegar».

Over halvparten av alle dødsulykkene fann stad på våren, sommaren og hausten og på tørre vegar - og 82 prosent under forhold med god sikt og opphaldsvêr.

Dei fleste dødsulykkene med tungbil skjedde i fylka Oppland, Trøndelag og Buskerud.

(©NPK)

Politiet og Statens vegvesen under ein kontroll av tungtransport på Taraldrud trafikkstasjon utanfor Oslo i slutten av oktober. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix