Norsvin stoppar dugnad mot overproduksjon

(NPK-NTB): Norsvin inviterte nyleg svinebøndene med på «dugnad for lønnsam produksjonstilpassing». Dugnaden verkat, men kan vere ulovleg, så no blir den stoppa.

Konkurransetilsynet meiner samarbeidet med bøndene kan ha blitt for tett og kunne gitt mindre konkurranse og dermed påverke prisen forbrukarane betaler for svinekjøttet, skriv Nationen. Det kunne bety at tiltaka var i strid med konkurranselova. Initiativet til dugnaden kom etter at ein prognose i mai viste eit forventa overskot på 3.000 tonn svinekjøtt.

– Poenget var å tilpasse produksjonen til kva marknaden spør etter. Vi har ein veldig stor effektivitetsauke og utflating i salet. Vi prøvde å lage ein fullstendig frivillig dugnad utan kontrollsystem, seier organisasjonssjef Gustav Grøholt i Norsvin.

Etter å ha rådført seg med advokatane sine og gjort ei intern vurdering, stansar Norsvin dugnaden, som gjekk ut på å redusere besetninga av purker og sende grisar til slakt med litt lågare vekt.

– I denne omgangen har vi valt å avslutte kampanjen, men vi ser på alternative løysingar til hausten. Vi var i utgangspunktet klar over at det var ei juridisk gråsone som kunne ha innverknad på kampanjen, seier Grøholt og leggjer til at kampanjen har gitt resultat. Ein ny prognose peiker mot eit overskot på 2.200 tonn, 800 tonn mindre enn før dugnaden. (©NPK)

Annonse