Annonse

Northug blir sponsor for skiforbundet

Petter Northug kastar seg igjen inn i langrennssirkuset. No skal han sponse landslaget i langrenn med millionbeløp.

Petter Northug lanserer i desse dagar sine eigne solbriller og har no inngått ein sponsoravtale med skiforbundet.

Til TV 2, som først skreiv om saka, seier den tidlegare langrennsløparen at det er artig å oppleve sportsbransjen frå ei anna side.

- Det er mange gode aktørar, og du må ut og knuffe og vise kva du duger til. Men det blir spennande. Eg har allereie lært mykje på vegen. Det er ganske spesielt å sjå sitt eige namn på eit slikt produkt, seier Northug til TV-kanalen.

Verdien på avtalen er ikkje kjent, men TV 2 skriv at Northug må punge ut millionbeløp for å vere solbrilleleverandør til landslaget.

Avtalen gjer at Northug kan gjere avtale med landslagsløparar om bruk av solbrillene. Både støtteapparatet, trenarar, smørjarar og andre skal bruke Northug-briller når dei er på jobb for skiforbundet.

- Eg håper dei blir fornøgde med produktet og at det blir eit langt og godt samarbeid. Og eg har igjen ein fot innanfor i Skiforbundet, seier Northug.

(©NPK)

Petter Northug blir ny solbrille-sponsor for landslaget i langrenn. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix