Annonse

Northug flytta vekk frå hotellet til russarane

Norges Skiforbund tar kritikken frå den russiske langrennsleiren til etterretning og flyttar Petter Northug til endå eit nytt hotell i Val Senales.

Northug fekk omgangssjuke natt til søndag og vart umiddelbart isolert og flytta til eit anna hotell enn resten av sprintlandslaget.

Måndag vart det kjent at langrennsstjerna var flytta til eit hotell der både det russiske og finske laget bur. Det førte til reaksjonar blant russarane.

No bekreftar Norges Skiforbund at Northug blir flytta på nytt.

- Då Petter vart sjuk, tok vi omsyn til at han fekk vere på same hotell som foreldra og moglegheita for å raskt få han til ein annan stad, seier medisinsk ansvarleg Øystein Andersen i skiforbundet.

- Petter har vore heilt isolert på eige rom. Eg forstår at nokon kan reagere på at det bur andre løparar på hotellet, og det beklagar eg. Vi tar omsyn til det og flyttar han til eit anna hotell så fort som mogleg, fortset han.

Northug skulle etter planen ha ein felles pressekonferanse med norske medium tysdag. Det er usikkert kva som skjer med den no som trønderen er blitt sjuk.

Det er ikkje første gong Northug trøblar med sjukdom i oppladinga til den kommande VM-sesongen. I september måtte 32-åringen droppe sprintsamlinga i Lillehammer på grunn av ei forkjøling.

Sjukdommen gjorde at Northug mista fleire hardøkter. På seinsommaren måtte han også ta ein ufrivillig treningspause som følgje av at han følte seg unormalt sliten etter eit treningsopphald i Spania.

- Fysisk skulle eg helst ha vore mykje betre no. Eg er nok litt på etterskot. Samtidig har eg vore i bra fysisk form dei to siste åra på denne tida, utan at det har hjelpt på vinteren. No må eg bruke tida godt og halde meg sjukdomsfri, sa Northug til NTB og andre norske medium for snart tre veker sidan.

Northug skal ikkje vere blant løparane som allereie er førehandsuttatt til verdscupopninga i Finland i slutten av november. Dermed er veteranen truleg avhengig av å vise form på Beitostølen om ein snau månad for å få sjansen i Ruka.

(©NPK)

Petter Northug har hatt mykje trøbbel i sesongoppkøyringa. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix