Annonse

Northug møter Cologna på Gålå

Petter Northug møter tøff motstand under noregscuprenna på Gålå kommande helg. Òg tidlegare OL-meister Dario Cologna har meldt seg på.

Sveitsaren står dermed over verdscupopninga i finske Ruka, og skal etter planen gå 15 kilometer fri teknikk fredag og 15 kilometer klassisk søndag, skriv Nettavisa.

Det er VM som er det store målet for Cologna, og i eit intervju med den sveitsiske Tv-kanalen SRF seier han det ikkje er verdscupen som står øvst på prioriteringslista.

Northug på si side stiller til start på distanserennet på fredag og sprinten på laurdag under noregscupen på Gålå. Trønderen har vore langt unna gammal storheit og vart diska på Beitostølen. Laurdag gjekk han ikkje eingong vidare frå sprintprologen. Han trur ikkje det blir noko verdscup på han før jul.

- Eg trur det blir vanskeleg med verdscup, og for delen min blir det å konkurrere på nivå to og trene. Det har respondert bra på trening den siste veka, men det har ikkje vorte mykje. Eg må ta med meg desse konkurransane, og så får vi sjå korleis kroppen fungerer, sa Northug til pressa før Beitostølen-opninga.

Han gir seg sjølv tre veker før han avgjer retninga vidare.

- Eg har presentert plan C og D for dykk, og som eg håper skal bidra til at eg kan gå fortare etter jul. Det skal mykje til, men sjansen er der. Viss eg ikkje går fort på ski frå midten av desember, då er det slutt. Då er kvalifiseringa over, og så får vi sjå om det blir noko meisterskap. Siste frist er å gå fort på ski i den skandinaviske cupen. Tre veker. Då veit eg meir.

(©NPK)

Noregscupen på Gålå får to stjernenamn i form av Petter Northug (bildet) og Dario Cologna. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix