NRK: 350-kronersgrensa for momsfri netthandel blir fjerna frå 1. januar 2020

Den momsfrie grensa på 350 kroner for netthandel blir fjerna, men først frå 1. januar 2020 . Det har KrF og regjeringspartia vorte einige om ifylgje NRK.

Ifølgje KrFs eige budsjett kan fjerninga av grensa gi ei meirinntekt for staten på 750 milloner kroner.

I tillegg til moms på 25 prosent på varer som kostar under 350 kroner, må mottakaren betale ei avgift for fortollinga. På varer med låg verdi kan denne utgjere meir enn sjølve prisen på produktet.

Grensa på 350 kroner vart innført i 2015 . I fjor fekk Posten 15 millionar pakkar frå Kina, nesten alle med ein verdi under 100 kroner.