NRK: Frp stadfestar at det er komme eit nytt varsel mot Ulf Leirstein

Det er komme eit nytt varsel mot Ulf Leirstein, stadfestar Frp overfor NRK. Fredag vart det kjent at Leirstein melde seg ut av partiet etter 30 år.

- Eg kan stadfeste at organisasjonsutvalet har fått eit nytt varsel på Ulf Leirstein. Hendinga varselet dreier seg om, er frå same tidsperiode som dei tidlegare varsla på Leirstein, og ligg 7-8 år tilbake i tid, stadfestar leiar Alf Erik Andersen i Frps organisasjonsutval til NRK.