Annonse

Høie stadfestar at fotballspelarar på reise blir rekna som jobbreisande

Helseminister Bent Høie stadfestar at fotballspelarar som kjem til Noreg for å spele kamp, er på jobbreise. Det er framleis uvisst om dei slepp karantene.

Signala frå Høie gir fotballen eit håp om at europacupkvalifisering og landskampar kan gjennomførast som planlagt i haust.

– Viss jobben din er å drive med idrett og det er yrket ditt, så vil det vere ei arbeidsreise dersom du må reise for å utøve idretten din, seier helseministeren til NRK.

Men ein må då følgje dei reglane som gjeld for jobbreiser i Schengen-området, og utøvaren må bu innanfor Schengen, EØS eller EU, legg han til.

Kulturdepartementet avgjer

Norges Fotballforbund (NFF) har søkt om dispensasjon frå regelverket, mellom anna for å kunne løyse karanteneproblematikken i samband med dei viktige herrelandskampane i haust.

Utfallet av behandlinga kan òg få noko å seie for gjennomføringa av europaligakvalifiseringskampen til Rosenborg mot den islandske klubben Breidablikk kommande torsdag og meisterligakvalifiseringa til Molde mot den finske klubben Kups Kuopio.

Det er ikkje Høie, men Kulturdepartementet som behandlar førespurnaden frå NFF om det kan gjerast unntak frå karantenereglane for fotballspelarar.

– Vi har ikkje fått ein søknad, men vi har fått skriftlege førespurnader frå Fotballforbundet. Eg forstår godt at NFF uroar seg og ønskjer ei rask avklaring, seier statssekretær Gunhild Berge Stang til NTB.

– Spørsmålet no er om det kan gjerast ei forskriftsendring. Dette er til behandling, og vi må komme tilbake til om det vil vere mogleg å gjere eit unntak her. Konkrete spørsmål om reiserestriksjonar og smittevern må rettast til helsestyresmaktene, legg statssekretæren til.

To virustestar

I koronaforskrifta står det at personar som kjem til Noreg på jobbreise, kan sjå bort frå karanteneplikta ved to negative koronatestar. Den andre testen kan tidlegast gjerast fem dagar etter framkomsten. Det er likevel opna for at personen kan arbeide dersom den første testen er negativ, men vedkommande må då vere i karantene på fritida fram til også test nummer to er negativ.

Fotballandslaget speler etter planen mot Austerrike og Nord-Irland 4. og 7. september og har ein avgjerande kamp mot Serbia 8. oktober, der ein EM-plass står på spel.

(©NPK)

Helseminister Bent Høie (H) under ein pressekonferanse om koronasituasjonen i Oslo onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix