NRK: Trenaren trur Eckhoffs sesong er over

Landslagstrenar Patrick Oberegger trur at skiskyttaren Tiril Eckhoff går glipp av heile denne sesongen.

Eckhoff har ikkje konkurrert til no i sesongen 2022/2023 og skal heller ikkje vere med i VM i Oberhof.

Oberegger tvilar på om Eckhoff kjem til å konkurrere etter VM og fram til sesongslutt.

– Eg tippar ikkje det. Vi hadde ein veldig hyggjeleg løpetur på tysdag, og eg trur at Tiril sjølv har slått seg til ro med denne sesongen her, seier Oberegger til NRK.

Oberegger seier at Skiforbundet er innstilt på å hjelpe til med det dei kan om Eckhoff ønskjer å komme tilbake til neste sesong.

(©NPK)

Skiskyttartrenar Patrick Oberegger under pressetreffet til skiskyttarane på Lygnasæter Hotell fredag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB.