Annonse

NSB måtte ut med millionar for innstilte tog

Dei siste fem åra har NSB måtta betale tilbake 3,8 millionar kroner til staten på grunn av innstilte avgangar.

NSB har ikkje krav om 100 prosent regularitet, det vil seie at alle tog skal gå som oppsett. Dermed treng ikkje selskapet betale kvar gong eit tog blir innstilt, men dersom det skjer for ofte, kostar det 10.000 kroner i såkalla malus - det motsette av bonus - til staten, skriv Dagsavisen.

Frå 2012 til 2017 måtte NSB gi staten prisavslag for 379 innstilte tog ifølgje avtalen mellom selskapet og styresmaktene. Til saman vart det ei rekning på 3,8 millionar kroner, der 2,2 millionar måtte betalast i fjor.

Når britiske Go-Ahead overtek trafikken på Sørlandsbanen, blir det endå meir kostbart dersom tog ikkje blir køyrt som avtalt: 25.000 kroner. For Jærbanen og Arendalsbanen, som er ein del av det same anbodet, er taksten høvesvis 20.000 og 15.000 kroner, skreiv avisa før helga.

(©NPK)

Når det er fleire innstilte tog enn avtalen mellom staten og NSB tilseier, må sistnemnde gi staten rabatt. Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix