Annonse

NTNU får ny rektor

Anne Borg (61) blir ny rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Ho blir den første kvinnelege rektoren til universitetet.

Annonse

Borg tiltrer umiddelbart etter eit styrevedtak fredag. Ho har vore konstituert i stillinga sidan august.

Som rektor blir ho øvste leiar for det som er Noregs største universitet med 42.000 studentar og over 8.000 tilsette. Universitetet har hovudsete i Trondheim og campusar i Gjøvik og Ålesund.

– NTNU har eit flott samfunnsoppdrag og ein fantastisk visjon, kunnskap for ei betre verd. Som rektor er det den fremste oppgåva mi å bidra til å realisere den visjonen. NTNU er ein premissleverandør for omstillinga til eit berekraftig samfunn, samtidig som vi har ei viktig oppgåve i å bidra til eit konkurransedyktig næringsliv og ein god offentleg sektor, seier Borg.

Borg er sivilingeniør i teknisk fysikk, med doktorgrad frå NTH i 1988. Ho har vore professor ved NTNU sidan 1998. Ho har opparbeidd seg leiarerfaring gjennom fleire verv ved universitetet.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix