Annonse

Ny AFP-ordning kan ramme unge arbeidstakarar

Tilsette i privat sektor risikerer at AFP-ytinga kan bli kraftig redusert viss dei ikkje gjennom heile arbeidslivet jobbar i ei bedrift med tariffavtale.

Annonse

I lønnsoppgjeret frå i fjor vart partane samde om ei endring som gjer at det skal vere betre samanheng mellom tida ein jobbar i ei tariffbunden bedrift, og retten til AFP, skriv Dagbladet.

- Framover blir det svært økonomisk ugunstig å stå utan tariffavtale i privat sektor, seier leiar Jon Olav Bjergene i forhandlingsavdelinga i Handel og Kontor.

Berre halvparten av tilsette i privat sektor jobbar i verksemder som tilbyr AFP, viser tal frå forskingsstiftelsen Fafo.

- I bedrifter med mange unge tilsette har ein vegra seg mot å inngå tariffavtalar. Men med ny ordning vil tapet ved å stå utanfor det organiserte arbeidslivet bli mykje høgare enn i dag, seier Bjergene.

Ei kvinne fødd i 1990 med 550.000 kroner i årslønn vil som tilsett frå 25 til 62 år i tariffbundne verksemder, liggje an til å få utbetalt ei årleg livsvarig AFP-yting på 47.850 kroner viss ho går av ved 67 års alder. Lever ho til å bli 100 år, vil AFP utgjere vel 1,5 millionar kroner.

Jobbar ho derimot fleire år av karrieren i ei verksemd utan tariffavtale, kan ho få fleire hundre tusen kroner mindre i AFP.

(©NPK)