Ny britisk statsminister skal vere på plass innan 20. juli

Dei konservative i Storbritannia vil ha ein ny statsminister på plass innan 20. juli.

Partiet kunngjorde datoen fredag, etter at Theresa May gjorde det klart at ho går av som partileiar 7. juni. Deretter startar prosessen med å få på plass ein ny leiar som kan ta over som statsminister.

I veka etter Mays avgang blir nominasjonsprosessen avslutta, før partimedlemmene skal få valet mellom dei to leiande kandidatane, opplyser partisekretær Brandon Lewis i ei fråsegn.

Ein av favorittane i leiarstriden, tidlegare utanriksminister Boris Johnson, roste May etter kunngjeringa hennar.

- Takk for din stoiske innsats for landet vårt og det konservative partiet. Det er no på tide å følgje oppfordringa hennar: Å bli samde og levere brexit, skreiv Johnson i ei Twitter-melding.

(©NPK)