Annonse

Ny dom mot R. Kelly – må sone eitt år ekstra

Artisten R. Kelly må sone endå ein dom etter at han har sona ferdig ei tidlegare straff på 30 års fengsel.

Annonse

Ein føderal domstol i Chicago dømde torsdag songaren til 20 års fengsel for overgrepsmateriale og lokking av mindreårige for å oppnå seksuell omgang. Brorparten av dommen skal sonast parallelt med dommen på 30 år for mellom anna menneskesmugling. Den fall i New York i 2021.

Før dommar Harry Leinenwebers domsavseiing torsdag var det knytt stor spenning til kor mykje ekstra tid R. Kelly må belage seg på å gjennomføre fengsel.

Påtalemakta erkjende at ei lang tilleggsstraff i praksis kunne fråteke Kelly alle høve til å sleppe ut i live. Det var også det dei bad retten om og viste mellom anna til at lovbrota artisten er dømd dor, ramma barn og at han ikkje har vist nokon anger.

Med dommen torsdag og ei samla soningstid på maks 31 år, kan han søkje om prøvelauslating når han er rundt 80 år gammal.

R. Kelly vart dømd til 20 års fengsel for overgrepsmateriale og lokking av mindreårige. Brorparten av straffa skal sonast parallelt med ei tidlegare straff på 30 års fengsel, medan eitt år blir lagt til etter at den første dommen er sona ferdig. Arkivfoto: Amr Alfiky / AP / NTB