Annonse

Ny handlingsplan skal få nordmenn i aktivitet

Nordmenn sit for mykje stille. No lanserer regjeringa ein ny handlingsplan for å få nordmenn til å røre seg meir i kvardagen.

Annonse

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) vitja torsdag Liastua i Groruddalen i Oslo for å lansere den nye handlingsplanen til regjeringa for fysisk aktivitet.

Handlingsplanen gjeld frå 2020 til 2029 og skal snu trenden der nordmenn rører seg mindre og mindre.

Betre livskvalitet

– Det er ei urovekkjande utvikling, som vi må ta på alvor. Vi må gjere det enklare og meir attraktivt å gå til kvardags, seier Høie.

Handlingsplanen trekker fram at berre tre av ti vaksne og eldre er aktive nok, og berre halvparten av 15-åringar.

Den tilrådde mengda aktivitet for vaksne er to og ein halv time i veka. For barn er det ein time om dagen.

For kvar enkelt kan meir fysisk aktivitet gi betre livskvalitet og helse. For samfunnet generelt kan det føre til at fleire kan jobbe lenger, og at trykket på helse- og omsorgstenestene blir mindre.

– Fysisk aktivitet reduserer ikkje berre risiko for kreft og andre alvorlege sjukdommar, vi veit òg at pasientar med ulike sjukdommar kan ha stor nytte av trening medan dei er i behandling, seier Høie.

Helseministeren påpeikar at det ikkje treng dreie seg om intens aktivitet.

– Å gå på butikken, sykle til jobben eller velje trappene i staden for heisen er nokon av mange kvardagsaktivitetar som gir betre helse. Berre nokre få minutt dagleg fysisk aktivitet kan gi stor helsegevinst.

Meir aktiv kvardag

Handlingsplanen har som mål å auke delen som oppfyller aktivitetstilrådingane, og at Noreg skal bli eit meir «aktivitetsvenleg samfunn.» Dette gjeld uansett alder, funksjonsnivå, sosial bakgrunn og kjønn.

Dette skal skje gjennom ein brei innsats på mange arenaer i samfunnet, inkludert i byutvikling, skule og barnehage og i utvikling av nærnaturområde, som til dømes på Liastua i Groruddalen.

Her er det mellom anna tilrettelagt for tur- og skigåing, leik og andre aktivitetar for folk i alle aldrar.

Det er dette Høie vil sjå meir av.

– Kommunane må leggje til rette for fysisk aktivitet når dei planlegg bruk av areal. Ved å gjere det investerer dei i trivselen til innbyggjarane og helse, seier han.

(©NPK)

Helse- og omsorgsminister Bent Høie tek sikte på at Noreg skal bli eit meir «aktivitetsvenleg samfunn» mellom 2020 og 2029. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Helseminister Bent Høie besøkte torsdag Liastua i Groruddalen i Oslo for å lansere handlingsplanen til regjeringa for fysisk aktivitet. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

– Vi må gjere det enklare og meir attraktivt å røre på seg til kvardags, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Helseminister Bent Høie fekk prøve seg som bogeskyttar ved Liastua under lanseringa av den nye handlingsplanen til regjeringa. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix