Ny koronarunde fører til delvis nedstengning i Catalonia

Styresmaktene i Catalonia strammar grepet etter ny oppblussing av koronasmitte. Over 140.000 menneske får berre gå på jobb.

Dei nye retningslinjene vart kunngjorde søndag kveld, berre ei veke etter at all reising til og frå kommunen El Segria, med ei befolkning på 210.000 menneske, vart forbode på grunn av nye covid-19-utbrudd.

No er det 138.000 innbyggjarar i kommunen Lleida som er pålagde å halde seg innandørs, bortsett frå turen til jobben og andre heilt nødvendige gjeremål.

– Vi må bryte smittekjeda. Vi må avgrense kontakten til å omfatte berre dei vi bur saman med, seier den regionale helseansvarlege Alba Verges.

Utbrotet har dukka opp i landsbruksområde, der mange sesongarbeidarar bur under enkle og mangelfulle forhold. Helsestyresmaktene held òg spesielt auge med eit utbrot i kommunen Hospitalet, eit folkerikt område innanfor Stor-Barcelona.

I det nordaustlege Catalonia vart det søndag meldt om 800 nye smittetilfelle.

Spania vart i midten av juni forsiktig opna etter ei tre månader lang nedstengning. Ifølgje offisielle tal har pandemien teke livet av 28.000 menneske.

(©NPK)

Ein politimann ber ei kvinne og eit barn i Barcelona om å ta på seg munnbind. Oppblussing av koronasmitte har ført til ny delvis nedstengning i Catalonia. Foto: AP / NTB scanpix